Kåring av Fylkessong i Møre og Romsdal er over..:-(

Siste: Detta gjekk skeis, det var ein tullsong om Veiholmen på Smøla som vann til slutt – typisk…Men om du får ein sjanse så høyr på Hjemlengsel, det er ein nydeleg song!
 
 
Gå inn her og stem på songen "Hjemlengsel" sjølv om du aldri har høyrt den, den er tross alt foreslått av underteikna!:

Hjemlengsel

Den første sangen som ble klar for finalen var "Hjemlengsel". Den er skrevet av moldenseren Ole Wille, og fremført av Øyvind "Elg" Elgenes.

Bakgrunnen for sangen er at daværende fylkesordfører Ole Øverland ved inngangen til det nye årtusenet tok initativ til en Møre og Romsdal sang. Han ville at fylket vårt skulle føle et fellesskap gjennom en sang.

Fylkeskommunen fikk inn 28 forslag, og en fagjury plukket ut Ole Wille sin hjemlengsel som fylkessangen.

Ole Wille er født i Molde, og har i tillegg til musikk drevet med personlig utvikling og opplæring innenfor privat og offentlg sektor. I tillegg til denne sangen her er han blandt annet kjent for låten "stjernestøv" som lå på toppen av norsktoppen.

Fylkessangen er foreslått av Gunn Henden fra Averøy, som forteller at hun spiller denne sangen om og om igjen.

(NRK)

 
 
-og hadde eg fått det til, skulla eg ha lagt den ut her!
 
Gunn, som endeleg har litt fri!!
 
 
Posta under Ukategorisert | Éin kommentar

FACEBOOK

NO HAR OGSÅ HENDEN KASTA SEG PÅ FACEBOOK-BØLGA! HER FINN DE MEG:
<a href=http://www.facebook.com/p/Gunn_Henden/531095043>Facebook me!</a>
Posta under Ukategorisert | Kommenter innlegget

17. MAI ER EG SO GLA I…!

 
GRATULERA MED DAJEN!
Ei sein helsing på dagen te dokke allje! Her set eg og saknar kjøtkaker og heile råma i Henjane – illt, ka? Men no høyrer eg at breibandstida har kome te Henjane og, så eg reknar med at eit fullt referat kjem meg i hende snarast!!! ALLSO; KJENNTFØLK – SKJERP DÅKKE!!!!!!
Etter å ha vore utan nett aldri so lenge er eg no attende; sjølvsagt heilt på høgda (gjerne litt over og avenogté)!  Det vert no  likevel ikkje so mykje ikveld  (sia Rune er heime har eg no guskjelov annja å ta meg té!), men vil prøve å få lasta opp nokre bilde og. Vi snakkast gøttfølk, vis no atte dokke er testades. Hennjarane har no aldri vore redde for å prøve noke nytt. Nokre av bilda er frå Frode si 18-årsfeiring der eg var vakt og fotograf. Slik kan det gå, sa brura..
 
Peis pao, som sogningane so vakkert seie di. Og HEIA SOGNDAL OG HEIA BRANN!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
 
 
Posta under Ukategorisert | Kommenter innlegget

Frode André – 18 ÅR IDAG!

Vi gratulerer staskaren vår med dagen! -og ønsker lykke til med oppkøyring til sertifikatet – også idag! No også med i Unge Tahiti, sjekk her:
 
 
 
For livets glade gutter går solen aldri ned!!
 
Posta under Ukategorisert | Éin kommentar

Tilbake til striskjorta og havrelefsa.

No har eg fått arbeid å gå til og mindre tid til å leike meg på data`n, men eitpar ord i ny og né skal det vel bli tid til likevel!
Eg har hatt mange middagsbesøk (heldigvis!) og lite overnattingar denne påska, og mykje fri! Jobba berre skjærtorsdag, og etter det har eg hatt fri heilt til og med idag. Legg ut nokre bilder no samtidig med bloggen, mest frå dagens tur og litt frå påska og palmehelga.
Ellers ringde Høvdingen idag, dei var innom Tromsø og bytta ut eitpar av mannskapet som ikkje tolte det hardbalne livet ombord. Trur den nye skuta er litt annleis enn det han har vore vant med tidlegare. OG GAMLARE…men får vel vite meir seinare, han skulle ringe ein gong til før dei reiste ut igjen.
Bente og Tom Anders, våre trivelege hyttenaboar, har vore her i påska iår og det var koseleg å treffe dei igjen. Dessverre var dei ikkje altfor heldige med veiret og fisket denne gongen, men det var eit supert veir å vere inne i!
Rett før påske var Line (som vi fekk Sasha av) her saman med vesle Emilie, og deira andre hund Roxy. Eitpar bilder av dei og!
Forøvrig har eg laga masse mat og ete og drukke godt! Då gjer det meg lite at snøkaven driv forbi stoveglaset og huset ristar i vindkulene.
No har eg også fått skifta bremseklossar og -skiver på bilen og kjenner meg ein smule tryggare – eg mista bremsene på Atlanterhavsvegen ein av dagane.
Imorgon skal eg "uti øyinnj" på arbeid igjen og gler meg til det. Koseleg arbeidsplass og trivelege kollegaer! No til helga (laurdag og søndag) skal eg på åleine for første gong og det vert no spennande sjølsagt. Litt andre ting å tenkje på der enn på Bjartmars, med diettar og slike ting. Men det vil no helst gå bra….
Ellers så har det gått forbløffande greit å kome seg opp om morningane, er oppe før kl 6 og luftar bikkjene, og så har eg ca ein halvtime å køyre til arbeid. Eg et til og med frukost!! -er så flinke atte!
Så no gler eg meg berre til løna tar til å kome inn på konto…!
Ha det bra alle mann – kva har de gjort på i påska de då?????
Send gjerne ein mail!
Posta under Ukategorisert | Kommenter innlegget

SISTE: EG HAR FÅTT MEG ARBEID!

Idag ringde dei frå Langøy aldersheim og lurte på om eg var interessert i langtidsvikariat, 50% no og 100% i sommar, som kjøkkenassistent. Oppstart så snart som muleg og inntil 1 års varighet, pga langtidssjukmeld arbeidstakar.
Eg har søkt der før utan hell, men ENDELEG!
No må eg berre få ordna bilen SNARAST!
Posta under Ukategorisert | Kommenter innlegget

NO LIVNAR DET I LUNDAR!

Det er tredje dagen på rad med nydeleg veir, og idag tok eg med fotoapparatet og hundane og ein pitteliten konjakkskvett og gjekk på tur på ettermiddagen.
Rune har reist på sjøen igjen, han er i Barentshavet og fiskar torsk og hyse – forhåpentlegvis i mengder! Bilen streikar -no er det bremsene!-men kva gjer vel det når vi har slike dagar..
Både eg og bikkjene har mat, eg har rullings, og ei veninne forbarma seg over meg så eg har ein dram også. Life is good!- berre så synd Rune går glipp av at våren kom for fullt. Eg vurderer SERIØST å ta årets første sjøbad imårå, dersom det ikkje blir for mykje vind. Nudism returns! – og etterpå vert det solbad..som sagt dersom verforholda spelar på lag…!
Ellers så er eg framleis arbeidssøkande og gir ikkje opp så lett.
No har eg eit lite prosjekt med vårreingjering – noko eg ikkje nødvendigvis tar så grusomt alvorleg! – og slik går nu dagan!
Skulle ynskje bilen var iorden så eg kunne ta meg ein Nordfjordtur, det er lenge sia sist. Men det hadde vore nesten like stas å få besøk heimafrå, skjønt det virkar som det er dobbelt så langt å køyre den vegen! Håpe kan ein no alltids..
Ellers håpar eg å treffe mykje kjentfolk på Moldejazzen i år, Steely Dan med Elvis Costello som gjest kjem, snakk om julafta midt på sommaren! Eg syns framleis at "Deacon Blues" med SD er verdas finaste song, og gledar meg vilt og hemningslaust. Skal legge ut link til Moldejazz med det første.
No søv dyra rundt meg og det er fred i stova. På andre sida av fjorden skin sola lenge enno, men her vert det straks kaldare. Framleis er det godt å kunne fyre i ovnen når det kveldast. Men snart no, folkens, snart!!!
Ha nokre fine dagar, kven veit – kanskje er det DITT livs vår?
Klem frå Gunn ..!
 
Posta under Ukategorisert | Kommenter innlegget