GODT NYTTÅR!

Eg håpar alle har overlevd jule- og nyårsfeiringa og at de er godt igang med 2008. Eg er på ny arbeidsledig, etter å ha fulllført vikariatet på Langøy Aldersheim her på øya. Så no er det full rulle med jobbsøking – heldigvis er det mykje sport på TV om dagane. Eg er ihuga handballsupporter og heiar vilt og hemningslaust på dei kjekke norske karane i kortbukse! Men i skrivande stund er det Pop-Quiz på Nrk1, så eg har fint selskap til "arbeidet" her!
Her er det alt anna enn fredeleg i heimen, då Sasha har løpetid og driv Bajas til vanvidd – eg ser formeleg galskapen lyse ut av augene  på han, stakkar…
 
Ellers har no Fjordabladet PÅ NYTT fronta meg i Gamle Nordfjord med eit lekkert oppslag frå rundt 1980, der bl. a. Grete Vonheim og ei som heiter Astrid figurerer sman med underteikna, i eit uskuldig søtt lite oppslag frå våre  dagar på Handelsskulen. Får dessverre ikkje til å legge det inn her, men eg jobbar med saka!
 
Ellers er det berre velstand her, etter at svigerfar hjelpte meg å fikse clutchen igår. Og snart er Arve & Co tilbake frå den store Australia-turen!
 
Så håpar eg alt står bra til med kjentfolk rundttom!
 
 
 

 

This entry was posted in Ukategorisert. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s