Lang natts ferd mot vinter ….

– og endeleg har eg oppdaga at myspace har konvertert til WordPress!

DET VAR MEINING I!

Planlegg å kome sterkt attende no, må eg berre seie ! Smilefjes

Posted in Ukategorisert | Kommenter innlegget

Hei, verden!

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!

Posted in Ukategorisert | Éin kommentar

Å DU STORE MI TID…

..no kjem den som je ælske…eg snakkar sjølvsagt om sommaren!
 
Her går det onda så det kvin i svingane. Sidan april har eg gått på eit kurs kalla " Forpleiningsassistent" – eg har blitt kjend med ein gjeng flotte og trivelege menneske som vart som ein stor familie til slutt. Det var eit sakn å ikkje reise til byn på skulen meir!
For to dagar sidan starta eg i opplæring ombord på Kystekspressen, på skipet Mørejarl – som tilhøyrer Fosen Trafikklag. Etter berre to dagar ombord trur eg nok eg skal fixe jobben etterkvart, men eg ser heilt klart at det kan bli travle dagar!
Turistsesongen er såvidt igang, og med det veiret vi har for øyeblikket er ein tur med Kystekspressen absolutt å anbefale – ei nydeleg sjøreise på ca 3,5 time – mellom Trondheim og Kristiansund. (Ditta va reklamen!)
 
Gler meg mest av alt til å tene pengar så eg kan begynne å betale tilbake til alle som har vore hjelpsame i løpet av den siste tida, eg nemner i fleng…..eller kanskje eg ska holde kjeften min om akkurat dét??!!
 
Har lagt ut eit album med meir eller mindre "festlege" bilete, det vil sikkert glede fleire å sjå at rastalua framleis finst og er i aktivitet innimellom….
Her på Bergan går det meste greit, som alle andre ventar eg på skattepengane – det er reint utruleg kor tregt tida går!!!
Skal kjøpe ny bil (det vert vel ein gammal rustholk sikkert!) så eg kjem meg til Nordfjord ein tur – no hakje eg vore heime sidan september og det er aldeles for gale! Saknar bygda om våren. Og håpar å få med meg ein sommarfest iår i allefall – det gjorde eg IKKJE ifjor…aldeles uhaldbart, noko som ikkje bør gjenta seg.
Eg saknar både gamle tanter og gamle venner!
 
Sidan sist har eg fått innføring i Moderne renhold – trengdest, men veit ikkje om det hjelper! – , catering, kosthold og ernæring, meir enn ei veke med førstehjelp (kom til meg!) , brannslukking og "kald" røykdykking, liv- og sjøredning og simulert helikopterevakuering (helivelt)!
ER DET RART EG IKKJE HAR HATT TIDA TIL Å BLOGGE???!!!
- dagane fauk avgarde, gjorde dei!
Svigerfar og svigermor har vore trufaste pilotar til og frå ferjeleiet på Bremsnes, tusen takk – hadde aldri klart det utan dei!
 
Det siste kurset tok eg sist måndag – Krise- og Passasjerhandtering – på Falck Nutec sitt senter i Trondheim.
Medan eg var der, lukkast fillebikkjene med eit rømningsforsøk og kom seg unna Nissefar på Nesset.
Krisehandteringskurset kom godt med og mobilkronene rann ut medan eg administrerte søk via mobil frå hotellrommet i Bartebyen.
Heldigvis hadde eg fått handla litt rosévin før eg fekk greie på dette – eg trur det gjorde meg VOLDSOMT snartenkt (trur det ja!), så etterkvart vart rømlingane hanka inn og plassert bak lås og slå i heimen. Alt gjekk godt og ingen kom til skade på noke vis.
Idag skal Prinsgemalen Av Guds Nåde reparere hundegarden…..
Eg skal plante ut mine TRE tomatplantar og ein estragonplante…og så skal eg bade…og dusje og ordne meg litt og så tar eg 14:45 til byen og mønstrar på direkte. Kjem heim imårå og då er det helg!!!
 
Og så håpar eg at alle har det like godt som eg om dagen….
NYT LIVET, SOMMAREN OG KVARANDRE!
 
Klem frå Gunn
 
 
 
Posted in Ukategorisert | Éin kommentar

GUNN SINE BARNOMSMINNE PÅ NRK P1…

- MITT "POSTKORT FRÅ LIVET" VART TEKE INN I VARMEN!
Her finn du både teksten, og innslaget som gjekk på Norgesglasset NrkP1,  2. april.
Hakje du lyst te å høyre på?
 
Posted in Ukategorisert | Kommenter innlegget

SISTE!!!

-og så hadde eg ikkje før trykt på "enter-knappen", så ringde Arve, dei har landa på Gardermoen og alt var såre vel, forsto eg….
Posted in Ukategorisert | Kommenter innlegget

GODT NYTTÅR!

Eg håpar alle har overlevd jule- og nyårsfeiringa og at de er godt igang med 2008. Eg er på ny arbeidsledig, etter å ha fulllført vikariatet på Langøy Aldersheim her på øya. Så no er det full rulle med jobbsøking – heldigvis er det mykje sport på TV om dagane. Eg er ihuga handballsupporter og heiar vilt og hemningslaust på dei kjekke norske karane i kortbukse! Men i skrivande stund er det Pop-Quiz på Nrk1, så eg har fint selskap til "arbeidet" her!
Her er det alt anna enn fredeleg i heimen, då Sasha har løpetid og driv Bajas til vanvidd – eg ser formeleg galskapen lyse ut av augene  på han, stakkar…
 
Ellers har no Fjordabladet PÅ NYTT fronta meg i Gamle Nordfjord med eit lekkert oppslag frå rundt 1980, der bl. a. Grete Vonheim og ei som heiter Astrid figurerer sman med underteikna, i eit uskuldig søtt lite oppslag frå våre  dagar på Handelsskulen. Får dessverre ikkje til å legge det inn her, men eg jobbar med saka!
 
Ellers er det berre velstand her, etter at svigerfar hjelpte meg å fikse clutchen igår. Og snart er Arve & Co tilbake frå den store Australia-turen!
 
Så håpar eg alt står bra til med kjentfolk rundttom!
 
 
 

 

Posted in Ukategorisert | Kommenter innlegget

Sommaren e gådde, sa alltid hon Moste….!

Jaja. Sllik går nu dagan, sa nordlendingen – og så mangt vert sagt rundtom!
 
Sist i Fjordabladet på laurdag11.08., der ein totalt historielaus journalist har prestert å seie at det er meir driv i rockarane på Eid idag!!!! Tippar mange av dei som gjekk vakt har ein bakgrunn frå t.d. Eid Rock Klubb..
 
ALSO; HALLELUJA - DE SKAL BERRE SJÅ AT ROCKKLUBBEN PÅ EID VAKNAR IGJEN!
 
Og finare logo enn den vi hadde ekje laga (Takk til Kristin Heggen - unnskyld at eg ikkje veit ka du heiter til etternamn no om dagen!) Den gongen var vi så store (på medlemstal) at fotballgruppa skalv i dei fine shortsane sine. Og som Reidun sa til meg då vi snakkast hin dajen : I dei dagane var det verken lensmann eller prest som ropte halleluja når det var snakk om noke som hadde med rock å gjere…..LAAAAAAAAANGT derifrå….derimot vart eindel timar brukt på lensmannskontoret hos han Magnus som skulle oppta ei slags forklaring etter ymse arrangement i ERK sin regi.
 
Gudskjelov går det framover her i verda!
 
Den gongen hadde Glopperock pålag same status som Malakoff har idag (lokalt), medan Eid definitivt var den staden som hadde arrangement gjennom heile året.  Og dette VEIT eg, det går som kjent an å ri to hestar om ein står på litt! - og det gjorde eg i dei dagar…..
 
Det var mange engasjerte sjeler i ERK, men ingen over og ingen ved sida av Kristen Sætre. Han var også med då Norsk Rock Forbund vart danna – det er dei som arrangerer kåringar av beste festival bl.a. – noko som Malakoff har hatt æra av å bli kåra til…. ein bør ikkje gløyme historie oppi all musikken – bevisstgjering er viktig. 
 
 
Kva med å dele ut ein pris (-og det treng ikkje nødvendigvis å vere pengar!) til dedikerte menneske som stiller opp utover det ein kan forvente!….LITT kan ein no lære av idretten – å setje pris på eldsjeler berre eit eksempel. Eg huskar med stor glede Pål Sandnes og fruen! – aldri tungbedde, med godt humør og eit lunt smil tok dei dei verste vaktene (attmed FINA!). GLØYME DOKKE ALDRI!!!!!! Det var ikkje VELDIG mange i dei dagar som stilte opp på noko i ERK sin regi – rockklubben levde eit liv LANGT på sida av det som vart kalla kulturlivet på Eid. Sikker hardt å svelgje idag – mange av dei same aktørane finst framleies trur eg. Men hattar kan ein som kjent byte etter moten..!
 
Eg ynskjer Malakoff eit langt og godt (men ikkje sjølvgodt – sjå på Glopperock!) liv. Og så syns eg de skal bruke litt av den tyngda de etterkvart har opparbeidd til å utvikle det LOKALE musikkmiljøet. ERK investerte i eigen PA, slagverk, instrument etc. , slik at dei som ikkje hadde råd til dyre instrument kunne få prøve seg. Rockverkstad…ein av dei originale kongstankane til Norsk Rock Forbund.
 
Eg trur at det framleis har ein misjon, men eg kan no ta feil…!
 
HA EIN ROCKA HAUST ALLJE I HOP!
 
-og så må eg berre gratulere min onkel Matias og mitt syskenbarn Siv Helen med dagen idag!
 
CHEERS!
Posted in Ukategorisert | Kommenter innlegget